Vi står samla i kveld, vi skal stå samla for alltid

Det er så ubegripeleg og uverkeleg. Ei heil verd er i sjokk, ein heil nasjon i sorg. Ingen hadde nokon gong trudd at dette kunne skje oss. Det er fortsatt vanskelig å tru at det har skjedd. 

Ein heilt naturleg reakjson på denne hendinga hadde vore hat, men midt opp i det heile har vi stått saman, heile Noreg står samla, vi har vist at vi ikkje let oss knekke. Dei omkomne er heltane våre, dei vil aldri bli gløymde, i respekt av dei skal vi vise at vi kan komme ut av dette sterkare enn nokon gong. Vondskapen og hatet skal ikkje sigre, vi står samla i kjærleiken til landet vårt og kvarandre. Vi gret, vi ber, vi tender lys og vi sender varme tankar til dei som har mista nokon som stod dei nær. Kvar og ein av dei var umistelege, likevel er dei borte for alltid. Vi kan ikkje forestille oss korleis dei pårørande har det, og det verkar nesten feil å sitte heime i si eiga stove og framleis ha alle ein er glade i rundt seg. Likevel finnast det ingenting eg er meir takknemleg for. 

Alt eg ynskjer meg no er at landet og folket vårt kan forbli så samla som det er no, for alltid. La oss fortsette å bruke kjærleiken mot hatet. La kjærleiken bli så sterk at den er alt som står att ♥

Dei varmaste tankar til alle dei som er ramma av denne forferdelige tragedia.

– Skrevet av Benedikte Flataker. 

17 kommentarer

Siste innlegg